English version of this page

Regulering og politiske prosessar

Frå slutten av 1990-talet og fram til 2012 var planane å samle vikingskipssamlingane og resten av museets samlingar i eit stor nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika, sentralt i Oslo aust. Etter at ein internasjonal ekspertkommisjon i mai 2012 konkluderte med at flytting av skip og samlingar til Bjørvika ikkje kunne gjennomførast utan risiko for uakseptable skader, blei planane lagt bort, og ei ny tilnærming tok form.

Bildet kan inneholde: løve, statue, skulptur, landemerke, steinkjerring.

Tidslinje

 

Mai-Juni 2022

Statsbygg varslet at det nye museet lå an til å koste 1 milliard kroner mer enn Stortingets kostnadsramme på 2,4 milliarder kroner. Statsbygg og Universitetet i Oslo fikk i oppdrag å komme med innspill til hvordan kostnadene til byggingen av det nye vikingtidsmuseet kunne reduseres. Regjeringen øker rammen fra 2,4 milliarder kroner til 3,1 milliarder kroner for det nye Vikingtidsmuseet. 

Oktober 2019

Regjeringa har i Statsbudsjettet sett av dei fyrste 35 mill. kroner av ei totalløyving på 2,4 mrd. kroner til å starte bygginga av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Det følges opp i Statsbudsjettet for 2020.  

Januar 2019

Regjeringa skriv i ny politisk plattform: «Regjeringen vil starte arbeidet med bygging av vikingtidsmuseet».

September 2018

Dei eksterne kvalitetssikrarane ferdigstiller KS2-analysa, fastsett ei kostnadsramme for byggjeprosjekt og brukarutstyr, og anbefaler vidareføring av prosjektet.

Mai 2018

Oslo bystyre behandlar og vedtek reguleringsplan for området rundt nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy.

Våren 2018

Forprosjektet blir evaluert og kvalitetssikra gjennom ei såkalla KS2-analyse, bestilt av Kunnskapsdepartementet og Finansdepartementet.

November 2017

Forprosjektet for det nye bygget blir avgitt.

Februar 2017

Skisseprosjektet for det nye bygget blir avgitt.

Mai 2016

Det danske arkitektfirmaet, AART, blir kåra som vinnar av arkitektkonkurransen med sitt forslag «Naust». Forslaget inneber at skipa vil bli flytta til eit nybygg i direkte forlenging av det eksisterande Vikingskipshuset, og at dette blir brukt til publikumsfunksjonar.

Januar 2014

Statsbygg får i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å starte planlegging for realisering av det nye museumsanlegget. Fyrste punkt er gjennomføring av ein internasjonal arkitekt-konkurranse og vidareføring fram til skisseprosjekt.

Sommer 2013

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kunngjer at det skal startast planlegging for bygging av eit utvida vikingtidsmuseum på Bygdøy. Noverande Vikingskipshus skal vera ein integrert del av det nye anlegget.

Det er museets mål at det nye anlegget skal kunne opnast for publikum i 2026.

Emneord: museum, museum exhibitions, Museumsbygninger
Publisert 29. juni 2018 10:49 - Sist endra 4. aug. 2022 11:31