Vikinggravas hemmelegheit

I 1903 blei verdas største vikinggrav funnen på garden Oseberg i Vestfold. Det var grava til to damer og den inneheldt eit vikingskip som fylt med flotte gravgåver.

Osebergskipet under utgraving

Osebergskipet slik det såg ut då det blei grave ut i 1904. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ O. Væring.

Den store oppdaginga

Då bonden på Lille Oseberg i Vestfold stakk spaden i den store gravhaugen på garden sin, støytte han på noko heilt uvanleg. Bonden varsla arkeologen ved Universitetets Oldsaksamling i Oslo og to dagar seinare var arkeolog Gabriel Gustafson på plass. I grava fann Gustafson fleire skipsdelar dekorert med vikingtidas mønster. Arkeologen blei sikker i si sak, gravhaugen var ei skipsgrav frå vikingtida.

Spennande utgraving

Utgravinga av Oseberghaugen starta sommaren etter, i 1904. Bak rekkverket stod folk og følgde ivrig med medan mannskapet grov fram skipet og dei fabelaktige gjenstandane som fanst i det. Etter kvart som dei grov seg nedover i jordlaga kom det fram ei vogn, sledar, senger, telt, kister, bøtter, kar og masse andre flotte gjenstandar. Du kan sjå den lange lista over alt som blei funne i Oseberggrava ved å klikke på det vesle biletet øvst til høgre.

Gåtefulle Oseberg

Men etter utgravinga sat arkeologane att med fleire uløyste gåter. Kven var gravlagd i det flotte skipet? Når fann gravlegginga stad? Kvifor fekk dei døde så mange gravgåver? Og kva skulle dei brukast til? Det var mykje å forske på og framleis har vi ikkje svar på alt.

Sjå meir om Oseberg

Sjå den lange lista over alt som blei funne i grava (7 mb)

Biletgalleri

Sjå bilete frå utgravinga og flyttinga av Osebergskipet

Publisert 17. juni 2014 11:19 - Sist endra 7. des. 2020 09:10