Kvar er alt gullet og sølvet?

Kvinnene som blei gravlagde i Osebergskipet fekk med seg mange gravgåver. Det var personlege saker slik som klede, sko og kammar, men også skipsutstyr, kjøkenutstyr og gardsreiskapar.

Kammer fra Oseberggraven

Kammar som kvinnene fekk med seg i grava kanskje fordi dei også skulle pynte seg i dødsriket slik dei gjorde då dei levde? © Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen.

Kor blei det av alle skattane?

Beslag med emalje. © Kulturhistorisk museum/Ove Holst.

Graver for rike kvinner i vikingtida inneheld kostbare smykke av gull, sølv og bronse, eller fargerike glasperler og smykkesteinar frå fjerne himmelstrøk. Kvifor finst det ikkje slike skattar i vikingtidas aller rikaste kvinnegrav?

Gravrøving var vanleg

Vi veit at skipsgrava blei plyndra og at det hendte omtrent 100 år etter at kvinnene blei gravlagde. Arkeologar har funne tunnelen som blei brukt av dei som braut seg inn i grava. Dei fann også ein spade som gravrøvarane har brukt. Men kven som plyndra Oseberggrava, er framleis ei gåte. Var dei simple tjuvar på skattejakt etter gull og sølv? Eller var det andre vikingar som øydela grava for å vise kven som var «konge på haugen»?

Kven trur du det var som plyndra grava?

Gullforgylte bronsebeslag som gravrøvarane ikkje fekk med seg. Beslaga har typisk irsk dekor, så dei kan ha blitt røva derifrå av nokon som kjende Osebergkvinnene.  © Kulturhistorisk museum, UiO/ Ove Holst

Biletgalleri

Sjå bilete av skip og ting frå Oseberg

Publisert 3. nov. 2014 21:42 - Sist endra 7. des. 2020 09:10