Osebergskipet

Osebergskipet blei funne i 1904 utanfor Tønsberg i Vestfold. Arkeologane som grov det ut skjøna raskt at dette var den flottaste vikinggrava som nokon gong var funnen.

Bildet kan inneholde: vikingskip, båt, kjøretøy, longship, vannscooter.

Osebergskipet i Vikingskipshuset. Foto: Kulturhistorisk museum

Skipet blei bygd omkring 820 e.Kr.

Skipet er laga av eik og er ca. 21,5 m langt og 5 m breitt. Ein kunne både segle og ro Osebergskipet. Det er 15 hol til årene på kvar side av skipet, og ein trong ein viking på kvar åre. Eit komplett mannskap ville då vera 30 roarar, ein styrmann som passa roret og ein utkikksmann som stod framme i baugen.

Skipssida består av 12 rader med plankar. Plankane er festa til kvarandre med jernnaglar, og mellom plankane er det dytta inn kuhår slik det skulle bli så vasstett som mogeleg. Under vassoverflata er plankane berre 2 cm tjukke og veldig bøygelege, men dei to øvste er litt tjukkare og sterkare. På utsida av den øvste er det ei list. Her kunne ein feste skjold, men det blei ikkje funne nokon skjold i grava. Masta er laga av furu og har vore mellom 10 og 13 m høg.

Seglet

Det blei ikkje funne segl i skipet så vi veit ikkje korleis det har sett ut. Men sidan seglet må ha vore veldig stort så må vikingane ha sydd saman fleire stykke med ullstoff. Vikingane likte at tinga deira såg bra ut så kanskje har dei brukt stoff med ulike fargar, då kunne jo seglet for eksempel ha striper.

Publisert 11. juni 2014 15:14 - Sist endra 24. apr. 2020 11:13