Vikingar på telttur

Vikingane var ofte på tur og dei var ekspertar på camping. Vikingane ville helst overnatte på land når dei var ute på segltur. Der kunne dei koke mat og setje opp telta.

Kopi av Osebergteltet

Restar av teltstongane som blei funne i Oseberggrava. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO.

Kven fekk sove i teltet?

Det var nok berre høvdingen eller dronninga og nokre utvalde av mannskapet som fekk sove i telt. Resten av mannskapet måtte finne seg soveplasser som best dei kunne. Arkeologane trur at vikingane brukte ein slags sovepose så kanskje var det ganske behageleg likevel.

Magiske dyrehovud

I Osebergskipet blei det funne restar av to telt. Dei var ganske store og det var god plass for ei fin seng med mjukt og varmt sengetøy. Teltstongane hadde stilige utskorne dyrehovud og det var måla ulike teikn på dei. Vikingane trudde kanskje at teikna og dyrehovuda hadde magisk kraft som kunne beskytte mot vonde makter? Teltduken hadde rotna opp og blei ikkje funnen, men den kan ha vore laga av ull eller lin, og hadde sikkert flotte fargar.

Vikinganes campingsett

I grava var det også fire senger og sengestolpane var pynta med dyrehovud som likna på dyrehovuda på det minste teltet. Derfor trur vi at telta og sengene høyrde saman som eit sett.

Kanskje hadde vikingane med seg eit slikt kokesett når dei reiste rundt? Dette kokesettet blei funne i Oseberggrava og kan også ha vore brukt på garden. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen.

Publisert 17. juni 2014 15:30 - Sist endra 24. apr. 2020 11:15