Grava

Gokstadskipet blei trekt på land for å bli brukt som gravskip for ein rik mann. Det blei bygd eit gravkammer bak i skipet der den døde mannen blei lagt i ein seng.

Gokstadmannens gravkammer

Gravkammeret som Gokstadmannen låg i slik det står på Vikingskipshuset i dag. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen

Gokstadmannen hadde fine klede

Mannen var omtrent 40 år då han døydde. Då han skulle gravleggjast blei han kledd i fine klede og mange av tinga han eigde blei lagt med i grava.

Kvar blei det av våpen og smykke?

Han fekk ganske sikkert med seg våpen og smykke, men dei er borte nå. Her har gravrøvarane vore på ferde, men heldigvis for arkeologane stal dei ikkje alle gravgåvene!

Mange ting i grava

I gravkammeret blei det blant anna funne eit spelebrett med spelebrikker av horn, fiskekrokar og seletøybeslag av jern, bly og forgylt bronse. Utanfor gravkammeret låg det kjøkenutstyr, seks senger, eit telt og ein slede. Det var også tolv hestar, åtte hundar og ein påfugl med i grava.

Gokstadmannen var nok glad i sjøen, for han fekk med seg tre små båtar i tillegg til det store skipet.


Denne forgylte beltepynten sat på enden av beltet til Gokstadmannen. Røvarne fann den ikkje, men det gjorde arkeologane. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen.

Biletgalleri

Utgraving og flytting av Gokstadskipet

Rottesprell

Kva har arkeologrotta funne på?

Publisert 9. juni 2020 09:31 - Sist endra 7. des. 2020 09:14